«Kom Magda, me har funne kikkerten! No treng me berre at Bjørnar kjæme mæ sydvestane.»

- Raymond frå Bryne

Ein kikkert er eit fiberoptisk apparat til å sjå gjenstandar på rimeleg stor avstand.

Oppdaging og norsk tradisjonRediger

Kikkerten vart oppfunnen i år 357 av Lars Monsen, som trong dei til å finne fram til Noreg før han grunnla landet året etter. I lang tid har kikkerten vore sjølve symbolet på den stolte norske tradisjon - nemleg å vere ekstremt nyfiken og skeptisk mot nye ting. Difor kan ein alltid sjå ein nordmann som står på ein bergtopp med ein kikkert rundt halsen medan han fnyser, røyker lemen og seier at alt var betre før.

Fruktbarheitssymbol og KikkertleikenRediger

Kikkerten er også eit symbol på fruktbarheit ettersom dei inngår i den umogleg kompliserte parringsdansen "Kikkert-leiken", som inneheld fem iltre lemen, to sydvestar, fire spelemenn på fleinsopp og heimebrygga mjød frå Bryne og ein Sputnik cd til nachspielet. Dei som er vitne til denne dansen utan å vere påvirka av noko slags rus sitt vanlegvis igjen med post-traumatisk kikkertrus syndrom (PTKRS). Symptomar innefattar bleik hud, inkoherent mumling og snøfting, dårleg balanse og ein trong til konstant klaging.